Ein nasjonalsang er noko ein gjerne syng for å heidra landet, ved høytidelege anledningar.
Ved å sjå på ulikeheiter i forhold til innhold og form, skal eg samanlikne nasjonalsangane til Noreg, Sverige, Danmark, Finnland og til slutt den Samiske nasjonalsangen.
Den Svenske sangen er skriven av Richard Dybeck i 1844. Sangen har 4 strofer, med kvar sine 5 vers. Sangen gjenntek fleire vers, som "Nej, jag vill leva jag vill dö i Norden". Sangen innheld få natur - beskrivingar, og legg meir vekt på kor stolt ein er, og kor mykje ein vil kjempa for landet sitt. Teksten visar landets tidlegare bragder i strofe 2; "Du tronar på minnen från fornstora dar, då ärat Ditt namn flög över jorden". Den får ein åndeleg dimensjon, i det teksten trekk inn Gud i 4 strofe.
Der er et yndigt land, er den Danske nasjonalsangen. Den vart skriven av Adam Oehlenschlager året 1819. Sangen har 4 strofer, kor dei tre fyrste har 8 vers og det siste 12 vers. Teksten beskriv natur i fleire strofar; "Det bugter sig i bakke, dal" eller "så længe bøgen spejler
sin top i bølgen blå". Teksten tek oss med til fortida, kanskje heilt tilbake til Vikingtida. Dette fordi dei nemnar Frejas sal, kor Frøya var kjærleiksgudinna. Samstundes viser ein tilbake til krigar mot fienden. Sangen hyllar ikkje berre kongen, men også befolkinga. Den innhelg gjenntakingar og Alliterasjoner, som brede bøge. Eksempel på enderim er "land - østerstrand" og "skønt - grønt"
Den finske nasjonalsangen er skriven av Johan Ludvig Runeberg i 1843. Den skil seg ut med heile 11 strofer, med kvar sine 6 vers. Innhaldsmessig visar sangen tilbake til krigane deira forfedre har kjempa. Den beskriv mykje natur, og får fram kor viktig han er for landet. Sangen får og fram at landet ikkje er så økonomisk sterkt, men at deira skatt er naturen.
"Ja Vi Elsker" er skriven av Bjørnstjerne Bjørnson i 1859. Den har 8 strofer med 8 vers. Teksten innheld naturbeskrvingar, men gjerne ikkje mykje. Som den danske sangen, visar denne teksten tilbake til vikingtida. Ein har kjempa mykje, og det har gjort nordmenn sterkare. Teksten tek nemnar viktige personar, men og far og mor. Som den svenske er gud nemnd i den sjuande strofen. I forhold til oppbygging finn ein enderim og alliterasjonar. Eksempel på enderim: ""kasted - hasted" og alliterasjon: "saganat, som sænker".
Til slutt den samiske nasjonalsangen. Det er den nyaste av dei alle, og blei skreven i 1906 av Isak Saba. Sjølv om teksten er over 100 år gammal, blei den ikkje nasjonalsong før 1986. Innhaldsmessig finn ein mykje natur og historie i denne sangen. Ein visar til samene som eit fredelg folk, sjølv om dei har måtta kjempa når Norge ville fornorske samane. Teksten har alliterasjoner, eks."gull-gland gynger" og "elver bruser, skoger suser". Dette gjer at teksten blir lettare å lesa/synga.
Felles for dei alle er at dei er nasjonalsanger, som tek fram det positive ved landa. Alle tek fram natur, men i ulike mengdar. Det er berre Sverige og Noreg som nemnar gud. Dette treng ikkje bety at sangen er prega av kristendommen, men den er åndeleg. Stort sett alle nemnar fortida deira, men det varierar om ein vil nemne tap. Stort sett nemnar ein både tap og sigrar, men Sverige vel å kun visa til bragder. Forfattarane har vore flinkte til å nemne både viktige personar og den vanlige borgar.